Latin is a dead language
As dead as it can be.
It killed all the Romans,
And now it's killing me.[1]

Anonym skuleelev

Dødt språk er eit omgrep ein kan bruka for eit utdøydd språk som framleis blir nytta i visse samanhengar. Språket blir rekna som «dødt» fordi det ikkje blir nytta i spontan tale og dermed ikkje lenger går gjennom den naturlege språkutviklinga ein finn i levande språk.

Døde språk blir nytta fordi dei speler ei rolle i visse samanhengar, til dømes til religionsutøving, som skriftspråk i samband med utdanning, vitskap og liknande, eller som eit fastsett standardspråk brukt til særskilde høve. Ein del slike døde språk blir kalla klassiske språk.

Kjende døde språk endre

Språk Døydde ut Seinare bruk
Gammalgresk 300-talet f.Kr. Utdanning fram til våre dagar, brukt i biologisk nomenklatur
Gammalhebraisk ca. 200 Liturgisk språk i jødedommen; gjenoppliva rundt 1900 som moderne hebraisk
Gammalsyrisk 1300-talet Liturgisk språk i den syriske kyrkja
Klassisk arabisk 800-talet Liturgisk språk i islam, forløpar for moderne standard arabisk
Klassisk kinesisk ca. 200 Litterært språk i Aust-Asia fram til 1900-talet
Koiné ca. 300 Liturgisk språk i den gresk-ortodokse kyrkja fram til våre dagar
Koptisk ca. 1500-talet Liturgisk språk i den koptiske kyrkja fram til våre dagar
Kyrkjeslavisk Aldri eit talespråk; litterært språk fram til 1700-talet Liturgisk språk i slaviske ortodokse kyrkjer som den russisk-ortodokse kyrkja fram til våre dagar
Latin ca. 600[2] Utdanning fram til våre dagar, brukt i biologisk nomenklatur, liturgisk språk i den katolske kyrkja fram til våre dagar
Pali ca. 300-talet[3] Liturgisk språk i theravada-buddhismen fram til våre dagar
Sanskrit ca. 1100-talet[4] Liturgisk språk i hinduismen fram til våre dagar
Sumerisk 2000 f.Kr. Brukt av skriftlærde i Assyria og Babylonia fram til ca. 500 f.Kr.[5]

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. Ann Landers, [http://articles.chicagotribune.com/1995-08-07/features/9508070002_1_dead-language-latin-book-latin-in-high-school «A Lively Discussion Of A `Dead Language'», Chicago Tribune, August 07, 1995
  2. Vibeke Roggen m.fl.: Antikkens kultur (s. 185), forlaget Aschehoug, Oslo 2010, ISBN 978-82-03-33743-7 (Oppegjeve av Wikipedia på bokmål
  3. «Pali», Christus Rex, Inc.
  4. Sheldon Pollock (2001), «The Death of Sanskrit» (PDF), Comparative Studies in Society and History 43 (2): 392–426, doi:10.1017/S001041750100353X 
  5. Atle Rønning, «Gjør døde språk levende», forskning.no, 06. september 2009
  Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.