Uxbridge
Uxbridge er ein stor forstadsby nordvest i London i England og det administrative senteret i London Borough of Hillingdon. Han ligg 24 km nordvest for Charing Cross og eit av dei største bysentera innanfor Londonplanen. Han var historisk ein del av soknet Hillingdon i grevskapet Middlesex og var eit viktig lokalt handelssenter i si tid. Som ein del av forstadsveksten kring London på 1900-talet, vart han eit bydistrikt i 1955 og har vore ein del av Stor-London sidan 1965. Uxbridge er i dag eit viktig handelssenter og Brunel University ligg her. Byen ligg nær grensa til Buckinghamshire.
Uxbridge | ||
---|---|---|
Marknadshuset | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | England | |
Grevskap | Stor-London | |
Distrikt | Hillingdon | |
Geografi | ||
Koordinatar | 51°32′N 0°29′W / 51.533°N 0.483°W | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | UB8 | |
Telefon-retningsnummer | 0 1895 | |
Fleire historiske hendingar har funne stad i og kring byen, som forsøk på forhandlingar mellom kong Karl I og parliamentariane.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Uxbridge» frå Wikipedia på engelsk, den 20. juli 2011.