Uzeir
Uzeir (arabisk عزير, hebraisk עֻזֵיר) er ein arabisk landsby nord i Israel. Han ligg nær Nof HaGalil i Nedre Galilea og høyrer til al-Batuf regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 2 600.[2]
Uzeir | |||
عزير | |||
landsby | |||
Namneopphav: El Azeir, Ezra[1] | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Region | Nedre Galilea | ||
Distrikt | Nord distrikt | ||
Kommune | al-Batuf | ||
Koordinatar | 32°47′32″N 35°19′51″E / 32.79222°N 35.33083°E | ||
Folketal | 2 600 (2006) | ||
Uzeir 32°47′32″N 35°19′51″E / 32.792222222222°N 35.330833333333°E | |||
Kart som viser Uzeir.
| |||
Wikimedia Commons: Ozeir |
Historie
endreDet er gjort funn frå romersk, bysantinsk og tidleg islamsk tid i landsbyen.[3]
Seint i osmansk tid, i 1875, vitja den franske oppdagaren Victor Guérin landsbyen og skildra han som ein stad med 20 hus i ei åsside. Nokre få gamle søyler stod att frå antikken. Ein muslimsk maquam med to små kuplar, tileigna «Neby A'ouzeir» låg i nærleiken.[4] I «Survey of Western Palestina» i 1881 vart landsbyen (kalla El Azeir) skildra som:
Ein steinlandsby ved foten av åsen. Sletta i nord er oppdyrka med bomull, kornsorten bygg, etc. Det bur kring 150 muslimar i landsbyen. Vassforsyninga er cisterner i landsbyen og ein tank.[5]
I folketeljinga i 1922 utført av britiske styresmakter hadde 'Uzair eit folketal på 70, alle muslimar,[6] medan Uzeir i folketeljinga i 1931 hadde 15 busette hus og eit folketal på 88, alle muslimar.[7] I 1945 var folketalet 150 medan det totale landområdet var 766 dekar, i følgje ei offisiell landmåling.[8] Av dette var 737 dekar nytta for korn,[9] medan 7 dekar var klassifisert som utbygde område.[10]
I 1948 vart Uzeir erobra av det israelske forsvaret under den andre delen av Operasjon Dekel, 15-18. juli. Landsbyen vart verande i unntakstilstand fram til 1966.
Sjå òg
endreKjelder
endre- ↑ Palmer, 1881, s. 124
- ↑ Population of localities numbering above 1 000 residents Statistisk sentralbyrå
- ↑ Cinamon, 2012, ‘Uzeir, West
- ↑ Guérin, 1880, s. 364 ff
- ↑ Conder og Kitchener, 1881, vol. 1, s. 362
- ↑ J. B. Barron, red. (1923). Palestine: Report and General Abstracts of the Census of 1922. Government of Palestine. Table XI.
- ↑ 1931 Det britiske mandatet Census. s. 76.
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 63[daud lenkje]
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 110[daud lenkje]
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 160[daud lenkje]
- Denne artikkelen bygger på «Uzeir» frå Wikipedia på engelsk, den 5. februar 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Conder, Claude Reignier; Kitchener, H. H. (1881). The Survey of Western Palestine: Memoirs of the Topography, Orography, Hydrography, and Archeology 1. London: Committee of the Palestine Exploration Fund.
- Cinamon, Gilad (2012): ‘Uzeir, West, Hadashot Arkheologiyot – Excavations and Surveys in Israel, No. 124.
- Guérin, Victor (1880). Description Géographique Historique et Archéologique de la Palestine. Vol 3 Galilea; pt. 1.
- Hadawi, Sami (1970), Village Statistics of 1945: A Classification of Land and Area ownership in Palestine, Palestinsk frigjeringsorganisasjon forskingssentral
- E. Mills, red. (1932). Census of Palestine 1931. Population of Villages, Towns and Administrative Areas (PDF). Jerusalem: Government of Palestine.
- Palmer, E. H. (1881). The Survey of Western Palestine: Arabic and English Name Lists Collected During the Survey by Lieutenants Conder og Kitchener, R. E. Transliterated and Explained by E.H. Palmer. Committee of the Palestine Exploration Fund.