Våg skipreide
Våg skipreide var ei av elleve skipreider i Sunnhordland. Kva for stad som har gjeve namn åt skipreida er uklart.[1]
Geografisk område etter gammal inndeling:[2]
- Austevoll sokn
- Møkster sokn
- Fitjar sokn (unnateke øyane vest for Trollosen og Eggøyosen)
Geografisk område etter noverande inndeling:
- Austevoll kommune
- Fitjar kommune (unnateke øyane vest for Trollosen og Eggøyosen)
- del av Bømlo kommune (Aga krins)
På Vestlandet vart skipreidene avløyste av tinglag først i begynninga av 1800-talet, og etterkvart vart grensene regulerte slik at dei samsvarte betre med sokne- og kommunegrensene. 1866 vart Våg tinglag oppløyst og erstatta av Fitjar tinglag, tilsvarande Fitjar kommune og sokn, mens Austevoll og Møkster vart lagde til det nyoppretta Sund tinglag[3].
Fotnotar
endre- ↑ Fitjar kommune frå Sogn og Fjordane fylkesarkiv
- ↑ Arkivverket: Matrikkel 1838
- ↑ Arkivverket