Vågen i Bergen
60°23′54″N 5°18′57″E / 60.39833°N 5.31583°E
Vågen er ein fjordarm i sentrum av Bergen, omkransa av kaier, søraustover frå det sjøområdet mellom Bergen og øya Askøy som vert kalla Byfjorden. Ytst i Vågen ligg Nordnespynten på vestsida og Skoltegrunnskaien på austsida, og inst ligg Vågsbunnen og Torget.
Kring Vågen låg mellomalderbyen Bergen. Langsetter austsida ligg mellom anna Bryggen og Bergenhus festning med Rosenkrantztårnet og Håkonshallen.