Vår Frue kyrkje i Trondheim
Vår Frue kyrkje også kjent som Vår Frue kirke er ei steinkyrkje i Trondheim. Koret og austre halvdel av skipet utgjer Mariakyrkja frå mellomalderen. Ved sida av Nidarosdomen er dette den einaste kyrkja frå mellomalderen i Trondheim som har overlevd til våre dagar. Frå 1400-talet har kyrkja blitt omtala som Vår Frue kyrkje.[1] Skipet vart forlenga i 1690 og tårnet kom til omkring 1740.[2] Bygget ligg mellom gateløpet Vår Frue Strete (frå mellomalderen) og den nyare Kongens gate, midt i byen. Kyrkja har blitt herja av brann fleire gonger, men har blitt gjenreist kvar gong.
Vår Frue kyrkje i Trondheim | |||
Vår Frue kirke (Trondheim) | |||
Foto: Zapf | |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Nidaros bispedømme | ||
Prosti | Nidaros Domprosti | ||
Sokn | Nidaros domkirke og Vår Frue sokn | ||
Fellesråd | Trondheim | ||
Stad | Trondheim | ||
Type | Langkyrkje | ||
Periode | Romansk og gotisk | ||
Teknikk | Mur | ||
Material | Stein | ||
Innvigd | Ca. 1200 | ||
• Endringar | Skipet forlenga i 1686, tårnet oppført 1742, nygotiske vindauge og vapenhus 1880-talet | ||
Tårn | Vesttårn | ||
Kyrkjegard | Nedlagd 1830 | ||
Vår Frue kyrkje i Trondheim 63°25′49″N 10°23′53″E / 63.43016°N 10.39812°E | |||
Wikimedia Commons: Vår Frue kirke (Trondheim) |
Kjelder
endre- ↑ DN b5 nr 640 (1434): "Warfrv kirkiu"
- ↑ http://snl.no/V%C3%A5r_Frue_kirke/Trondheim
Bakgrunnsstoff
endre- Vår Frue kirke Kyrkjesøk
- Vår Frue kyrkje i Trondheim i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren