Vælsvanna i Ådal
Vælsvanna eller Vælsvatna i Ådal er to mindre innsjøar som ligg på åsen aust for Hallingby i Ringerike kommune i Buskerud og Jevnaker kommune i Akershus. Vælsvanna består av Øvre Vælsvannet (Jevnaker) og Nedre Vælsvannet (Ringerike). Til Vælsvanna i Ådal tar ein seg lettast frå Hensmoen i Ringerike, der det går bilveg (bomveg) heilt fram.
Elva Væla går frå utløpet av Nedre Vælsvannet og renn saman med Ådalselva ved Hen.
Denne geografiartikkelen som har med Viken å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.