Ådalselva er ein elvestrekning som utgjer ein del av Begnaelva i Begnavassdraget. Ådalselva startar ved utløpet av innsjøen Sperillen i Ådal, som ligg i Ringerike kommune i Buskerud, og endar der elva møter Randselva og dannar Storelva (strekninga frå Hønefoss til Tyrifjorden), like nedanfor Hønefossen i Hønefoss.

Ådalselva (Begna) i vårflaum ved Hønefossen
Foto: Tom Bjørnstad

Ådalselva er kjend for det gode aurefiske og er spesielt populær hos flogefiskarar. I elva får ein derimot òg åbor og sik, og i dei seinare åra har òg gjedde teke seg opp i visse delar av elvestrekninga. Elva inneheld dessutan ørekyte (lokalt kalla kime), edelkreps og elvemusling. Sistnemnde er totalfreda.