Værnes haldeplass
Værnes haldeplass er ein jernbanehaldeplass på Nordlandsbanen. Haldeplassen ligg ved Trondheim lufthamn, Værnes, 33 kilometer frå Trondheim stasjon. Nabostasjonane er Hell i sør og Stjørdal i nord.
Værnes haldeplass | |
Stasjonsområde | |
---|---|
Stad | Trondheim lufthamn, Værnes |
Koordinatar | 63°27′13,8″N 10°54′50,9″E / 63.45000°N 10.90000°E |
Distanse | 33,0 km frå Trondheim stasjon |
Høgd | 5 moh. |
Opna | 1994 |
Linjer og rutedrift | |
Linje(r) | Nordlandsbanen |
Overgang | |
Haldeplassen vart opna i 1994 for å betre sambandet mellom fly og tog. Den ligg på vestsida av flyterminalen, er direkte kopla mot denne, og har ein gangavstand på om lag 200 meter til flyplassen. Nordover går jernbanelinja i tunnel under hovudrullebanen. I tillegg til NSB sine lokaltog stanser òg regiontoga på Nordlandsbanen ved Værnes haldeplass.
Utbygging
endreVærnes har inntil vidare eitt spor, det vestlege, men det er planlagt eit spor på austsida av plattforma. Dette bli planlagt bygd i den nye sporplanen som skal utarbeidast mellom Hell stasjon og Stjørdal stasjon. Dette skjer i samband med bygging av ny bru over Stjørdalselva. Prosjektet har fått dei første løyvingane over statsbudsjettet i 2013.[1] og er planlagt opna i 2021 samstundes med at ERTMS blir innført. I tillegg er det planlagt elektrifisering av strekninga Trondheim - Steinkjer med byggestart i 2017.
Kjelder
endreBakgrunnsstoff
endre- Jernbaneverket si informasjonsside om Værnes
- Værnes i Stasjonsoversikta til NSB
- Stasjonsdatabasen til Norsk Jernbaneklubb: Nordlandsbanen
Førre stasjon | Jernbaneverket | Neste stasjon | ||
---|---|---|---|---|
Nordlandsbanen | ||||
Regionaltrafikk | ||||
26 | Lerkendal - Trondheim S - Steinkjer | |||
Fjerntrafikk | ||||
71 | Bodø - Trondheim S |