Hell stasjon er ein jernbanestasjonMeråkerbanen og Nordlandsbanen ved Hell i Stjørdal kommune i Trøndelag fylke. Stasjonen ligg 3,2 moh og 31,54 km frå Trondheim sentralstasjon.

Hell stasjon


Stasjonsområde
Stad Hell
Koordinatar 63°26′16″N 10°53′55″E / 63.43778°N 10.89861°E / 63.43778; 10.89861
Distanse 31,54 km frå Trondheim sentralstasjon
Høgd 3,2 moh.
Opna 1881
Arkitekt Paul Due (noverande bygning)
Plattformer 2
Linjer og rutedrift
Linje(r) Meråkerbanen
Overgang
Kart
Hell stasjon
Namneskiltet på Hell stasjon som vekkjer åtgaum hjå engelskkunnig ferdafolk.

Stasjonen blei oppretta i 1881 som stasjon for ekspedering av tog, reisande og gods. Den fyrste stasjonsbygningen var teikna av arkitekt Peter Andreas Blix, og var av same type som dei bevarte stasjonane Gudå og Ranheim. Ved opninga av fyrste delen av Nordlandsbanen i 1902, blei stasjonen flytta vestover, og eit nytt og større ekspedisjonsbygg blei oppført, teikna av Paul Due.

I 1976 blei stasjonen fjernstyrt frå Trondheim, men hadde framleis betening som stod for billettsal og godsekspedisjon. I 1992 blei stasjonen ubemanna.

Hell stasjon har blitt ein slags turistattraksjon fordi Hellengelsk har meininga helvete. Folk, mange frå utlandet, kjem difor til stasjonen for å ta bilete av skiltet med stasjonsnamnet, og ikkje minst skiltet med teksten Hell Gods - expedition på godshuset. Denne gamle skrivemåten for godsekspedisjon på skiltet kan òg få si spesielle tyding på engelsk: «Guds ekspedisjon i helvete».

Litteratur endre

  • Bjerke, Thor og Holom, Finn m.fl (2004). Banedata 2004. Oslo / Hamar: Norsk Jernbaneklubb. s. 113. ISBN 82-90286-28-7. 

Bakgrunnsstoff endre