Vólvisjøen (gresk Λίμνη Βόλβη, Límni Vólvi, bulgarsk/makedonsk Бешичко Езеро, Besjitsjko Ezero), tidlegare òg kalla Bolbe, er namnet på ein innsjø i Mygdonía, ikkje langt frå Egearhavet. Han er om lag 19 km lang og mellom 10 og 13 km brei.

Vólvisjøen
innsjø
Land  Hellas
Areal 68 km²
Middeldjupn 20 m
Koordinatar 40°40′54″N 23°28′02″E / 40.68167°N 23.46722°E / 40.68167; 23.46722
Kart
Vólvisjøen
40°40′55″N 23°28′02″E / 40.681944444444°N 23.467222222222°E / 40.681944444444; 23.467222222222
Wikimedia Commons: Lake Volvi

Vólvisjøen ligg i periferieininga Thessaloníki i Hellas. Han ligg aust for Koróniasjøen. I aust ligg den smale Rendínadalen, òg kalla Den makedonske Témbi sidan han liknar Témbidalen. Vólvisjøen er den nest største naturlege innsjøen i Hellas og har eit areal på 68 km² og eit djup på 20 meter.

Innsjøen rann ut i Strymónasbukta via ei elv som rann gjennom eit pass ein gong kalla Aulon eller Arethusa. Namnet på elva er ikkje nemnd av Thukydides i skildringa hans, men er tydlegvis den same elva som Erekhios (romanisert som Rekhios) i Prokopios (de Aedificiis, 4.4). Av mindre elvar som munnar ut i innsjøen er det nemnd Ammites og Olynthiakos. Åboren (labrach) i innsjøen vert særleg trekt fram av den gastronomiske diktaren Arkhestratos.

Det var òg ein by kalla Bolbos nær innsjøen. I dag er det fleire byar som har Vólvi i namnet sitt, og som ligg langs innsjøen. Ein veit ikkje sikkert om nokre av desse moderne landsbyane er den same som den antikke Bolbos.

For om lag ein million år sidan var Vólvisjøen og Koróniasjøen og heile Mygdonía ein stor innsjø.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre