V.G. Bogoraz-Tan
V.G. Bogoraz-Tan (Vladimir Germanovitsj Bogoraz) (27. april 1865–10. mai 1936) var ein russisk etnograf og lingvist. Som ung levde han frå 1889 til 1899 ikkje langt frå Jakutsk i Sibir, etter ei landsforvising, og studerte språk og levevilkår til folka han budde hos, tsjuktsjiane.
V.G. Bogoraz-Tan | |
![]() | |
Fødd | 15. april 1865 Ovrutsj |
---|---|
Død | 10. mai 1936 Rostov-na-Donu |
Nasjonalitet | Det russiske imperiet, Sovjetunionen |
Område | etnografi |
Yrke | antropolog, revolusjonær, skribent, lyrikar, lingvist, politikar |
Institusjonar | Institut Narodov Severa Statsuniversitetet i St. Petersburg |
Alma mater | Chekhov Gymnasium |
Medlem | Det sovjetiske vitskapsakademiet |
I 1901 flykta Bogoraz-Tan frå Russland til USA, budde i New York, og var kurator ved American Museum of Natural History. Han drog attende til Russland i 1904 Etter oktoberrevolusjonen i 1917 vart Bogoraz-Tan ein sentral person i Leningradskolen innanfor etnologi: Dei kravde at etnologane skulle kunne språket til folka dei studerte, og kjenne livsvilkåra godt. I åra 1924-1936 var han leiar for Komitet Severa.
Bibliografi endre
- Bogoraz, V.G. 1904: The Chukchee (3 band). Leiden : Brill. 3 bind.
- Bogoraz, V.G. 1913: The Eskimo of Siberia. Leiden: E.J. Brill og New York: G.E. Stechert.
- Bogoraz, V.G. 1917: Koryak texts. American ethnological society ; 5. Leyden, 1917.
Litteratur endre
- Gernet, Katharina 1999: V. G. Bogoraz (1865-1936): Eine Bibliographie. (104 s.) Mitteilungen des Osteuropa-Instituts München 33. ISBN 3-921396-45-X