VM i skiskyting 1958

Verdsmeisterskapen i skiskyting 1958, den alle fyrste internasjonale meisterskapen i skiskyting, vart arrangert 2. februar 1958 i Saalfelden i forbundslandet Salzburg i Austerrike. 20 km normalprogram var den einaste øvinga. I tillegg var det ei uoffisiell tevling der tidene til dei fire beste utøvarane frå dei enkelte vart lagt saman.

28 utøvarar frå seks land; Austerrike, Finland, Noreg, Polen, Sovjetunionen og Sverige, deltok i meisterskapen.

20 km endre

Plass Utøvar Land Tid Straff
1 Adolf Wiklund  Sverige 1.33.44 03
2 Olle Gunneriusson  Sverige 1.34.13 03
3 Viktor Butakov  Sovjetunionen 1.34.46 06
4 Sture Ohlin  Sverige 1.35.47 03
5 Arvid Nyberg  Noreg 1.36.54 07
6 Pentti Napari  Finland 1.37.13 07
7 Valentin Psjenitsyn  Sovjetunionen 1.37.14 07

Dato: 2. februar 1958

Samanlagt endre

Plass Land Utøvarar Tid
1  Sverige Adolf Wiklund
Olle Gunneriusson
Sture Ohlin
Sven Nilsson
6.23.58
2  Sovjetunionen Viktor Butakov
Valentin Psjenitsyn
Dmitrij Sokolov
Aleksandr Gubin
6.35.33
3  Noreg Arvid Nyberg
Asbjørn Bakken
Knut Wold
Rolf Gråtrud
7.23.58
4  Polen Stanisław Zięba
Stanisław Styrczula
Stanisław Szczepaniak
Stanisław Gąsienica-Sobczak
7.40.20
5  Austerrike Hermann Mayr
Ernst Paul
Fritz Krischan
Heinz Härting
8.00.28


Kjelder endre