Valentin Psjenitsyn

Valentin Nikolajevitsj Psjenitsyn[1] (fødd 3. november 1936) er ein tidlegare skiskyttar frå Dmitrov i Moskva oblast i Russland som tevla for Sovjetunionen.

Valentin Psjenitsyn
Statsborgarskap Sovjetunionen
Fødd 3. november 1936
Dmitrov
Død

11. mai 2007 (70 år)
Moskva

Yrke skiskyttar

Psjenitsyn var ein av pionerane då skiskyting vart ein internasjonal idrett etter VM i skiskyting 1958. Den alle fyrste verdsmeisterskapen i skiskyting vart då avvikla i Saalfelden i Austerrike, med svenske og sovjetiske utøvarar i dominerande roller. Svenske Adolf Wiklund vart den aller fyrste verdsmeisteren i skiskyting, Psjenitsyn vart nummer sju i den einaste øvinga i meisterskapen, ein tjue-kilometer med fire skytingar à fem skot. Året etter kopierte han plasseringa i VM 1959 i Courmayeur.

Etter å ha vorte nummer fem i Vinter-OL 1960 i Squaw Valley, kleiv Psjenitsyn ein og ein plass opp på resultatlista dei to neste verdsmeisterskapane. I svenske Umeå vart han nummer fire, medan han i finske Tavastehus i 1962 endeleg fekk med seg ein bronsemedalje, der landsmannen Vladimir Melanjin vann gullmedaljen. Dei to neste meisterskapane, VM 1963 og Vinter-OL 1964, begge i Seefeld/Innsbruck, var han tilbake på sjuandeplass. Psjenitsyn gjekk så opningsetappen for Sovjetunionen sitt bronselag i stafett under VM i skiskyting 1965Elverum, den aller fyrste VM-stafetten.

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar
  1. Kyrillisk skrift Валентин Николаевич Пшеницын