Vagn Åkesson var ein legendarisk dansk krigar på slutten av 900-talet som har ei viktig rolle i Soga om jomsvikingane, og vert òg nemnt i andre sagaer.

Vagn Åkesson
Fødd 10. hundreåret
Yrke oppdagar
Medlem av Jomsvikingar
Vagn Åkesson på Commons
Erik gjev grid til Vagn etter slaget ved Hjørungavåg. Illustrasjon av Christian Krohg.

Vagn var son av Åke Tokesson og Torgunn Vesetesdatter frå Bornholm. Allereie i 12-årsalderen var Vagn ein bråmogen krigar som søkte opptak mellom dei legendariske jomsvikingane, ein anteken brorskap av leigesoldatar med strenge reglar. Imponert over motet til den unge mannen og sjøvhevding lét høvdingen til jomsvikingane Palnatoke han prove dugleiken sin i ein duell mot Sigvalde jarl, som Vagn vann over. Vagn fekk då lov til å verta jomsviking til trass for regelen om at ingen mann under 18 år kunne verta medlem.

Palnatoke tok såleis Vagn til seg som fosterson. Kanskje var Palnatoke allereie ein slektning av Vagn, kanskje til og med farfaren hans. Forfattaren av Jomsvikingadråpa nemner ved to tilfelle at Vagn åtte ein falk, noko som kanskje er eit bilete på mannsmot.

Vagn vert skildra som ein av dei mest frykteslause i Soga om jomsvikingane, og motet hans står i skarp kontrast til den feige Sigvalde jarl. Då Palnatoke døydde vart Sigvalde jarl den nye leiaren til jomsvikingane. Under Slaget i Hjørungavåg i 986 gav han ordre om retrett då nordmennene gjekk fram, ein ordre som ein rasande Vagn nekta å følgja. I følgje soga kasta Vagn spydet sitt etter Sigvalde, men traff ikkje. Etterpå vende han kampen direkte mot Eirik Håkonsson Ladejarl, sonen til Håkon jarl:

Sidan la Eirik jarl seg opp mot skipet til Vagn, og fekk hard motstand. Men sistpå rudde dei skipa, og Vagn vart fanga med tretti mann; dei vart bundne og førte på land.[1]

Tanken var å halshogga alle dei jomsvikingane som overlevde, men Eirik jarl viste storsinn og gav Vagn grid til trass for at faren hans, Håkon jarl, var svært misnøgd med det. Vagn overlevde slaget med ære medan Sigvalde jarl vart utsett for spott og spe.

Ifølgje Snorre Sturlason lét Eirik jarl Vagn Åkesson gifta seg med Ingebjørg Torkelsdatter, dottera til Torkjell Leira (som Vagn hadde drepe) og utstyrte han med eit godt skip og mannskap. Dei skildest som gode vener og «Vagn drog hjem, sør til Danmark; han ble en stor mann siden, og mange storfolk stammer fra ham».

Etter dette forsvinn Vagn ut av soga, og vi kjenner ikkje til borna til Vagn, bortsett frå ei dotter. Torgunn Vagnsdotter gifta seg med Thrugot Ulvsson Fagerskinna (som igjen var i slekt med Håkon jarl). Torgunn si dotter vart seinare gift med kong Erik Eiegod, og Snorre har såleis rett i at mange storfolk stammar frå Vagn.

Kjelder endre

  1. Soga om Olav Tryggvason. Snorres kongesoger 1 (Det Norske Samlaget). 1979. s. 153.