Val Camonica er ein dal i dei lågare alperegionane i Lombardia i Italia. Elva Oglio renn gjennom dalen før ho munnar ut i Iseosjøen. Det meste av Val Camonica ligg i den nordlege delen av provinsen Brescia.

Concarena i midten av Val Camonica
Kart over Val Camonica.

Dalen inneheld eit av dei største funna av steinteikingar i Italia med om lag 300 000 helleristingar av medlemmer frå stamma Camunni frå om lag 8000 f.Kr.[1] Motiva er kosmologiske, figurative og kartografiske og enkelte stader er det monumentale jakt- og ritualscenar.

Den mest kjende teikninga vart oppdaga i 1909 av Walter Laeng, ein geograf frå Brescia. Han fann to utskjeringar på to rullesteinar ved Pian del Greppe nær Cemmo.

Sidan 1950-åra er det funne tusenvis av teikningar på steinflatene som er «katalogisert» i store prosjekt som framleis held på. I 1979 vart området ein del av UNESCO si verdsarvliste.

Turisme endre

Val Camonica har forskjellige område for turistar:

Biletgalleri endre

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

Fotnotar

45°56′N 10°16′E / 45.933°N 10.267°E / 45.933; 10.267