Val di Non (italiensk Val di Non eller Valle di Non; nones Val de Nòn; tysk Nonstal eller Nonsberg; latin Anaunia) er ein dal i Trentino i Nord-Italia som strekkjer seg frå Ortlermassivet i nord og ned til Adigedalen i nærleiken av Trento. Om lag midt i dalen ligg innsjøen Lago di Santa Giustina. Nord for sjøen tilsvarer Val di Non dalen til elva Rio Novella, sør for sjøen dalen til Noce. Noce sitt øvre løp, som byrjar vest for Lago di Santa Giustina, heiter Val di Sole.

Plasseringa til Val di Non
Borga Thun frå nordaust

Det italienske språket som vert tala i Val di Non og Val di Sole har visse fellestrekk med retoromanske språk. Dette kan vere restar etter eit eldre retoromansk språk, som gradvis har vorte italienisert. Vanlegvis vert språket rekna som en dialekt av italiensk, men det finst òg lokale krefter som ønskjer å få det anerkjend som eit eige minoritetsspråk.

Mesteparten av dalen utgjer òg eit av Trentino sine forvaltningsdistrikt (comprensori). Unntaket er tre kommunar som ligg øvst i dalen. Desse høyrer til Sør-Tyrol og er tysktalende. Dei er ikkje lett tilgjengeleg frå Sør-Tyrol: Laurein og Proveis gjennom ein tunnel frå Ultental; Unsere Liebe Frau og St. Felix over Gampenpasset frå Lana. Derimot har dei vegsamband nedover til resten av Val di Non.

Kommunar endre

Det er 38 kommunar i Val di Non:

Kjelder endre