Trento-provinsen
Provinsen Trento[a] er ein av to autonome provinsar i regionen Trentino-Alto Adige i Italia. Byen Trento hyser provins-administrasjonen. Provinsen har eit areal på 6 207 km² og totalt 541 098 innbyggjarar i 2018. I 2013 er det 217 kommunar i provinsen.
Trento | |||
provins | |||
|
|||
Land | Italia | ||
---|---|---|---|
Region | Trentino-Alto Adige | ||
Hovudstad | Trento | ||
Areal | 6 207 km² | ||
Folketal | 541 098 (31. desember 2018)[1] | ||
Postnummer | 38100 | ||
Retningsnummer | 0461–0465 | ||
Bilnummer | TN | ||
Provinsen Trento 46°03′59″N 11°07′33″E / 46.0664228°N 11.1257601°E | |||
Kart som viser Trento-provinsen.
| |||
Wikimedia Commons: Province of Trento |
Regionen er kjend for fjella sine, som t.d. Dolomittane, som utgjer ein stor del av dei sørlege Alpane.
Geografi
endreNesten heile provinsen Trento er dekt av fjell, med ein stor dal som kryssar dei sentrale områda. Dalen heiter Valle dell'Adige (Adigedalen), kalla opp etter elva Adige som renn gjennom han. Dei største byane i Trentino ligg i Adigedalen, som i alle tider har vore ein av dei store gjennomfartsårane mellom Italia og Nord-Europa. Andre dalar i provinsen er Val di Non, Val di Sole, Val Giudicarie, Val di Fiemme og mange andre.
Dei største kommunane i provinsen:
Kommune | Folketal |
---|---|
Trento | 110 666 |
Rovereto | 35 231 |
Pergine Valsugana | 18 012 |
Arco | 15 649 |
Riva del Garda | 15 157 |
Mori | 8 833 |
Lavis | 8 157 |
Ala | 8 071 |
Levico Terme | 6 767 |
Cles | 6 714 |
Borgo Valsugana | 6 570 |
Mezzolombardo | 6 339 |
Merknader
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Province of Trento» frå Wikipedia på engelsk, den 15. desember 2007.