Bolzano-provinsen

(Omdirigert frå Sør-Tyrol)

Provinsen Bolzano, stundom kalla Alto Adige eller Sør-Tyrol (italiensk Provincia autonoma di Bolzano; tysk Autonome Provinz Bozen; ladinsk Provinzia autonòma de Balsan), er ein av to autonome provinsar i regionen Trentino-Alto Adige i Italia. Hovudstaden er byen Bolzano. Han har eit areal på 7 400 km² og totalt 487 673 innbyggjarar (2006). Det er 116 kommunar i provinsen.

Bolzano-provinsen
provins
Symbol
Land  Italia
Region Trentino-Alto Adige
Del av Trentino-Alto Adige
Hovudstad Bolzano
Areal 7 400 km²
Folketal 531 178 (31. desember 2018)[1]
Retningsnummer 0471, 0472, 0473, 0474
Kart
Provinsen Bolzano
46°30′00″N 11°20′00″E / 46.50000001°N 11.33333334°E / 46.50000001; 11.33333334
Wikimedia Commons: South Tyrol

Regionen er kjend for fjella sine, som Dolomittane, som utgjer ein stor del av dei sørlege Alpane.

Geografi

endre

Provinsen Bolzano ligg heilt nord i Italia og grensar til Austerrike i aust og i nord og til Sveits i vest. Dei italienske provinsane Belluno, Trento og Sondrio ligg høvesvis i søraust, sør og sørvest.

Fjell

endre
 
Sciliar

Fjella dominerer landskapet og dei fleste av desse høyrer til Alpane. Den mindre gruppa Ortleralpane vert rekna som sentrum av dei italienske Alpane. Her finn ein fjellet Ortler, med ei høgd på 3 905 meter over havet. Dolomittane er ei anna fjellkjede i provinsen. Fjellet Sciliar (2&nsbp;563 moh.) er ein del av denne fjellkjeda.

Andre fjell i provinsen er

Adminstrasjon

endre

Største kommunane i provinsen

endre
Tysk namn Italiensk nam Ladinsk namn Innbyggartal
Bozen Bolzano Balsan, Bulsan 103 135
Meran Merano Maran 37 673
Brixen Bressanone Persenon, Porsenù 20 512
Leifers Laives 16 964
Bruneck Brunico Bornech, Burnech 15 370
Eppan Appiano sulla Strada del Vino 14 013
Lana Lana 11 120

Historie

endre

Provinsen Bolzano vart oppretta i 1919 etter at området vart annektert av Italia. Det var tidlegare ein del av Tyrol i Austerrike-Ungarn. Området fekk ein autonom status etter den andre verdskrigen slik at det i dag stort sett er sjølvstyrt.[2]

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Province of Bolzano-Bozen