Valborg Erichsen

norsk pedagog

Valborg Erichsen Lynne (4. august 18911967) var ein norsk forfattar, litteraturhistorikar og lærar.

Valborg Erichsen
Fødd 4. august 1891
Skien
Død

1967 (75 år)

Yrke skribent, forskar, pedagog
Far Johan Willoch Erichsen

FamilieEndra

Valborg Erichsen Lynne var dotter av biskop Johan Willoch Erichsen (1842-1916) og Helga Marie Margrethe Boeck (1847-1927). Ho gifta seg med rektor Ferdinand Gustav Lynne 30. juni 1925 i Bergen.

Liv og virkeEndra

Etter fullført eksamen artium frå Hambros skule i Bergen i 1910 avla Valborg Erichsen språkleg-historisk embedseksamen i 1915 (cand.philol.) og pedagogisk eksamen i 1916.[1] I åra 1916-1925 var ho lærar ved Vestheim jenteskule, med to avbrot i samband med utanlandsopphald. Ho gjekk frå stillinga då ho vart gift. I perioden 1925-1931 arbeidde ho som timelærar ved ulike skular i Bergen, blant anna Lindstrøms skule og Pihls skule. Etter den såkalla Valborg Lynne-saka vart ho i 1931 fast tilsett som lektor ved Pihls skule i Bergen, ein kommunal høgare skule. Denne stillinga hadde ho til ho gjekk av med pensjon.[2]

I 1914 gav ho ut småskriftet Jonas Lie som journalist. Ho vart i 1919 heidra med Hartvig Lassens gullmedalje for sitt arbeid om Henrik Wergeland og Henrich Steffens; Henrik Wergeland i hans tilhøve til Henrich Steffens. I 1922 vann ho tidsskriftet Edda sin pris på kr. 3000 for eit arbeid om Søren Kierkegaard. Ho hadde deretter eit studieopphald i Italia, og studerte engelsk romantisk poesi.

Erichsen var elles ein produktiv artikkelforfattar, med litterære arbeid om blant andre Bjørnstjerne Bjørnson, Henrik Ibsen, William Shakespeare og Gerhard Gran.[3] Som litteraturhistorikar var ho idéhistorisk orientert.[4]

Valborg Lynne-sakaEndra

Ho var sentral i den såkalla Valborg Lynne-saka, då ho i 1929 vart gløymd av departementet då ho søkte stilling i den offentlege skulen, til trass for at ho var innstilt av skulen sin forstandarskap og utvilsamt var den beste kvalifiserte søkaren. Avlsaget vart grunngjeve med at ho var lektorfrue, og dermed forsørgd.[5] Ho vart i 1931 tilsett som lektor i kommunal høgare skule. Dette vart vurdert som eit tap, sidan ein slik framståande forskarkapasitet skulle undervisa ved ein skule utan examen artium.[6]

BibliografiEndra

  • 1914: Jonas Lie som journalist, småskrift frå det Litteraturhistoriske seminar.
  • 1920: Henrik Wergeland i hans forhold til Henrich Steffens, Aschehoug


Stipend og utanlandsopphaldEndra

  • 1919: Hartvig Lassens gullmedalje
  • 1920: Gustav Bruuns Legat
  • 1923: Studiereise til Italia etter å ha vunne tidsskriftet Eddas pris på kr. 5000.

KjelderEndra

  1. «Norges filologer og realister», www.nb.no, henta 13. november 2021 
  2. «Studentene fra 1910 : biografiske opplysninger samlet til 50-års jubileet 1960», www.nb.no, henta 13. november 2021 
  3. «Kvinnelige studenter 1882-1932», www.nb.no, henta 13. november 2021 
  4. «Nytt norsk forfatterleksikon», www.nb.no, henta 13. november 2021 
  5. «Den norske kvinnebevegelses historie», www.nb.no, henta 13. november 2021 
  6. «Kvinnelige studenter 1882-1932», www.nb.no, henta 13. november 2021 

LitteraturEndra