Valborg Stoud Platou

Valborg Stoud Platou (15. oktober 188111. november 1960) var ein norsk dommar.[1][2]

Valborg Stoud Platou

Statsborgarskap Noreg
Fødd 15. oktober 1881
Bergen
Død

11. november 1960 (79 år)

Yrke dommar

Liv og virke endre

Etter examen artium 1900 ved Aars og Voss' skole i Kristiania,[3] blei Platou i 1906 den åttande norske kvinna som tok cand.jur. Etter utdanninga jobba ho eit år ved sorenskrivaren i Søndre Østerdalen fogderi. Frå 1911 var ho overrettssakførar i hovudstaden Kristiania, men berre i nokre månadar, ettersom ho i 1912 blei sekretær i Arbeidsdepartementet og blei verande til 1926. I 1923 hadde ho òg vore fire månadar som rettsskrivar (kontorsjef) i lagmannsretten, og i 1924 vore tre månadar tilbake som konstituert og eidsvoren fullmektig i nemnde Søndre Østerdalen fogderi, der ho hadde vore femten år tidlegare.

I 1926 melde Platou overgang til Oslo overrett, der ho tok seg av klagesaker frå underretten. Denne vart avskaffa i 1936, men ho hadde i 1927 gått over til Oslo byrett, der ho var ekstraordinær dommar i 1932 og i 1936 fekk fast jobb. Med dette var ho ei av dei første kvinnene i Noreg som fekk jobb som dommar. Ho jobba heilt til ho blei pensjonist i 1947.

Foreldra hennar var jurist Carl Ludvig Stoud Platou (1841–1898) og Mette Marie Grüner Christiansen (1846-1927). Broren Carl Nicolai Stoud Platou (1885–1956) blei fylkesmann i Oslo og Akershus. Platou døydde ugift i 1960.

Kjelder endre

  1. Valborg Stoud Platou i lokahistoriewiki.no.
  2. S. H. Finne-Grønn (1953). Slekten Platou i Norge og Danmark. Det Mallingske boktrykkeri.  [2. utgave]
  3. Studentene fra 1900: biografiske oplysninger samlet til 25-aars-jubilæet 1925. Grøndahl & Søn. 1925. 
  Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.