Valdas Adamkus

Valdas Adamkus (fødd 3. november 1926) er ein litauisk politikar og var president i Litauen i to periodar, frå 1998 til 2003 og frå 2004 til 2009. Den andre presidentperioden hans begynte 12. juli 2004, etter at han fekk 52 % av røystene i andre valomgang ved presidentvalet i juni same år.

Valdas Adamkus
ADAKMUS Valda.jpg
Fødd3. november 1926 (94 år)
Kaunas
Statsborgar avLitauen
PartiDet republikanske partiet i USA
Yrkepolitikar, sprinter, ingeniør
Utdanna vedLudwig-Maximilians-Universität München
Illinois Institute of Technology
FarIgnas Adamkavičius
EktefelleAlma Adamkienė
VervPresident i Litauen 1998-2003
FøregangarAlgirdas Brazauskas
EtterfylgjarRolandas Paksas
VervPresident i Litauen 2004-2009
FøregangarArtūras Paulauskas
EtterfylgjarDalia Grybauskaitė

Adamkus var fødd i Kaunas. Han flykta frå Litauen etter den andre verdskrigen og budde i USA frå 1949 til 1997. I USA var han republikanar. Han stilte til val ved presidentvalet i Litauen i 1998 og vann, som uavhengig kandidat. I 2003 vart han slått av Rolandas Paksas, men då han vart avsett året etter vann Adamkus det nye presidentvalet i juni 2004.

Adamkus vart i 1998 tildelt storkors av St. Olavs Orden.

BakgrunnsstoffEndra