Valdir Pereira

brasiliansk fotballspelar

Valdir Pereira (8. oktober 192812. mai 2001), med kallenamnet Didi, var ein brasiliansk fotballspelar som spelte på midtfeltet. Mellom 1952 og 1962 spelte han 68 landskampar for det brasilianske landslaget og skåra 20 mål. Han representerte Brasil i tre verdsmeisterskap; 1954, 1958 og 1962, og vart verdsmeister i dei to siste meisterskapane. I 1958 vart han elles tildelt prisen som den beste spelaren i turneringa.

Valdir Pereira


Statsborgarskap Brasil
Fødd 8. oktober 1928
Campos dos Goytacazes
Død

12. mai 2001 (72 år)
Rio de Janeiro

Idrett fotball
Tok del i

VM i fotball 1962, VM i fotball 1958, VM i fotball 1954, Sommar-OL 1952, Copa América 1953

Valdir Pereira, nummer to frå venstre i fremste rekke, etter VM-finalen 1958 i Stockholm

Pereira vert halden for å ha vore ein av dei beste midtbanespelarane i fotballsporten. Han var vidkjend for framifrå teknikk, pasningskvalitet og tæl. Særleg berømt er han for å ha funne på det såkalla «folha seca»-frisparket, der ballen tilsynelatande duppar ned tidsnok til at det vert skåring.

Mellom 1946 og 1966 spelte Pereira for ni ulike fotballklubbbar. Mest kjend er han for sine sju år hos Fluminense, 1949-56, og sine tre periodar i Botofago; 1957-59, 1960-62 og 1965-66. Sesongen 1959/60 spelte han for spanske meisterlaget Real Madrid, eit opphald som vart prega rivalisering med lagkapteinen Alfredo Di Stéfano. Han vart delstatsmeister med Fluminense i 1951 og med Botafogo i 1957, 1961 og 1962. I 1962 vart han også brasiliansk meister.

Kjelder endre