Valdivia (spansk uttale: [balˈdiβja]; mapuche: Ainil) er ein by i det sørlege Chile, administrert av Valdivia kommune. Byen er oppkalla etter grunnleggjaren Pedro de Valdivia og ligg ved samanløpet av elvane Calle-Calle, Valdivia og Cau-Cau, omtrent 15 km aust for kystbyane Corral og Niebla. Valdivia vart grunnlagt i 1552 og blei ein spansk enklave i eit område dominert av mapuche urfolksgrupper. I ein periode var byen Valdivia og Chiloé-øyane dei to sørlegaste utstikkarane av det spanske imperiet.

Valdivia
Horisonten til Valdivia
Horisonten til Valdivia
Flagget til Valdivia Byvåpenet til Valdivia
Flagget til Valdivia Byvåpenet til Valdivia
Styresmakter
Land
Region
Chile
Los Ríos-regionen
Geografi
Flatevidd 1 016 km²
Innbyggjarar 150 048 (2017)
Innbyggjarar
 - By (2017)

150 048[1]
Høgd over havet 5 m
Tidssone UTC-04:00, UTC-03:00 (UTC)
Diverse anna
Heimeside: http://www.munivaldivia.cl/
Nettstad: www.munivaldivia.cl/web/
Plassering
Plassering av Valdivia
Plassering av Valdivia

Frå 1645 til 1740 var byen direkte avhengig av visekongedømmet Peru, som finansierte bygginga av det valdiviske fortsystemet som gjorde Valdivia til ein av dei mest styrkte byane i den nye verda.[2] På midten av 1800-talet var Valdivia inngangsporten for tyske immigrantar som slo seg ned i byen og områda rundt.

Det store chilenske jordskjelvet i 1960 gjorde alvorlege skadar i Valdivia. Dette er det kraftigaste jordskjelvet som nokon gong er registrert med ein styrke på 9,5.[3] Jordskjelvet forårsaka ca. 2 meter med nedsøkking rundt Valdivia og lèt etter seg store område med tidlegare beitemarker og dyrka mark permanent overfløymde.[4] I dag er det ulike verna våtmarker[5] innanfor det urbaniserte området Valdivia så vel som i utkanten.[6]

Sidan oktober 2007 har Valdivia vore hovudstaden i Los Ríos-regionen og er også hovudstaden i Valdivia-provinsen. Den nasjonale folketeljinga for 2017 registrerte at kommunen Valdivia hadde 166 080 innbyggjarar (Valdivianos), og 150 048 budde i byen.[7] Dei viktigaste økonomiske aktivitetane til Valdivia inkluderer turisme, tremasseproduksjon, skogbruk, metallurgi og ølproduksjon. Byen er også heimen til Universidad Austral de Chile, grunnlagd i 1954 og Centro de Estudios Científicos, ein privat forskingsinstitusjon.

Kjelder endre

Referanar
  1. 1,0 1,1 http://geoine-ine-chile.opendata.arcgis.com/pages/publicaciones.
  2. «The Defensive Complex of Valdivia». Entry on the UNESCO Tentative List. Henta 15. august 2007. 
  3. U.S. Geological Survey (March 7, 2006). Historic Earthquakes – Chile – 1960 May 22 19:11:14 UTC – Magnitude 9.5: The Largest Earthquake in the World. Arkivert 2009-10-07 ved Wayback Machine. Henta 14. januar 2023
  4. Ramirez, C., E. Carrasco, S. Mariani & N. Palacios. 2006. La desaparición del luchecillo (Egeria densa) del Santuario del Rio Cruces (Valdivia, Chile): una hipótesis plausible. Ciencia & Trabajo, 20: 79-86
  5. «Ley de Humedales Urbanos 21.202 y su Reglamento». Ministerio del Medio Ambiente (på spansk). Styresmakta i Chile. Henta 14. januar 2023. 
  6. Vallejos, Gabriel; Salgado, Daniela (10. desember 2021). «Reconocen como humedales urbanos a Angachilla y el sector de Isla Teja en Valdivia». Radio Bío-Bío (på spansk). Henta 14. januar 2023. 
  7. «Ciudades, pueblos, aldeas y caceríos 2019» (PDF) (på spansk). National Statistics Institute. 2019. Henta November 1, 2020. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Valdivia