Los Ríos-regionen

Los Ríos-regionen (spansk: Región de Los Ríos) er ein av dei seksten regionane i den administrative inndelinga av Chile, og omfattar to provinsar: Valdivia-provinsen i nord og Ranco-provinsen i sør. Han grensar til Araucanía-regionen i nord og til Los Lagos-regionen i sør. Mot aust ligg Argentina. Valdivia er hovudstad og største byen i regionen.

Los Ríos
delstat
Flagg
Symbol
Land  Chile
Hovudstad Valdivia
Areal 18 429,5 km²
Type Region
Folketal 384 837
Folketettleik 21 / km²
Kart
Los Ríos-regionen
39°48′30″S 73°14′30″W / 39.808333333333°S 73.241666666667°W / -39.808333333333; -73.241666666667
Wikimedia Commons: Los Ríos Region
Nettstad: https://www.gorelosrios.cl

Geografi og klima endre

Los Ríos-regionen er dominert av dalane i den mellomliggjande senkinga, berre avbrote av låge område av Cordillera de la Costa mot kysten, som tillèt omfattande utvikling av landbruk og husdyrdrift. Andesfjella held oppe den karakteristiske vulkanismen i høgder over 2000 moh. med vulkanane Villarrica, 2814 moh. på grensa til Araucanía-regionen - og vulkanen Mocho-Choshuenco, 2422 moh.

 
Illustrasjon av elver og innsjøar i Valdivia-bassenget

Dei to dominerande elvebassenga i regionen er Valdivia-elva og Bueno-elva. Begge har elvane opphav i Andes-sona, og på grunn av akkumulering av morenar av glasialt opphav som bremsar vasstraumen, har det vorte danna ulike innsjøar. Elva Valdivia har opphavet sitt i den argentinske innsjøen Lácar, eit elvelaup kryssar grensa og gjev bidrag til dei sju innsjøane, ei gruppe der Panguipulli-sjøen, Calafquén og Riñihue skil seg ut. frå sistnemnde renn vatnet nedover San Pedro-elva og Calle-Calle, til samlaupet med Cruces-elva for å danne Valdivia-elva, som munnar ut i Bahía de Corral på stillehavskysten. Bueno-elva har utspring i Ranco-sjøen.

Geografien til regionen har gitt liv til ulike økosystem, som i dei tempererte valdiviske skogane, spesielt kystsona som er prega av nærværet av treslaget patagoniasypress (Fitzroya cupressoides).[1] Valdiviajordskjelvet i 1960 forårsaka ei stor endring av det regionale miljøet, overfløymde fruktbare område og genererte store våtmarkshabitat til ulike artar i faunaen som svarthalsvane (Cygnus melancoryphus).

Regionen har eit maritimt fuktig klima med ein gjennomsnittstemperatur på 11 °C med låg termisk svinging på kysten som følgje av påverknad av havet; sjølv om det vinterstid førekjem temperaturar under null. Ute mot kysten er gjennomsnittleg nedbør i året over 2000 mm, og konsentrert om vintermånadene, noko som gjer det til eit av dei mest regnfulle områda i landet.

Økonomi endre

Den regionale økonomien er hovudsakleg basert på skogbruk, inludert cellulose- og papirproduksjon. I innlandet finn ein landbruksproduksjon. Regionen eksporterer òg mineral som lasurstein og noko sølv og gull.

Turisme er viktig for utviklinga av regionen, i kystsona er det spa som Niebla, i det indre er det Siete Lagos -sektoren og breidda av Ranco-sjøen. I Andes-området er hovudattraksjonane termiske sentre og eksisterande naturreservat.

Kjelder endre

Referansar

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Los Ríos-regionen