Valentin Aleksandrovitsj Serov (19. januar 18655. desember 1911) var ein russisk kunstmålar, grafikar og portrettmålar. Han vert rekna som representant for dei russiske jugendstilmålarane.

Valentin Serov

Verkeleg namn Валентин Александрович Серов
Statsborgarskap Det russiske imperiet
Fødd 7. januar 1865
St. Petersburg
Død

5. desember 1911 (46 år)
Moskva

Yrke kunstmålar, lærar
Språk russisk
Far Aleksandr Serov
Mor Valentina Serova
Valentin Serov på Commons

Liv endre

Yngre år endre

Han voks opp i ein kunstnarfamilie i St. Petersburg, både faren Aleksandr Serov og mora var komponistar. Etter Valentin i ei kortare tid hadde gått på gymnaset, fekk han rettleiing i teikning og måling av Ilja Repin i åra 1878 og 1879, i både Paris og i Moskva. I tida mellom 1880 og 1885 gjekk han i lære på St. Petersburg kunstakademi i heimbyen, hos Pavel Tsjistjakov. Repin og Tsjistjakov hadde vedvarande innverknad på hans tidlege verk. Større påverknad på hans kunst kom likevel gjennom verk av dei gamle meistrane, som Serov lærte å kjenne på museum i Russland og Vest-Europa. Han forlet akademiet med ein sølvmedalje og tok til å arbeide som sjølvstendig kunstmålar.

Eit av Serovs fremste verk i hans tidlege kunstnarår var Jenta med fersknar (Девочка с персиками) (1887), som i dag er utstilt i Tretjakovgalleriet i Moskva. Dette biletet er eit av dei tidlegaste russiske impresjonist-verka.

 
Jenta med fersknar, 1887

Portrettmåling endre

Frå 1890 av vende Serov hovudmerksemda mot måling av portrett. I dei komande åra måla han mange samtidige landsmenn. Han var særleg interessert i skodespelarar, kunstmålarar og forfattarar. Mellom dei ein finn portrett av er til dømes Isaak Levitan (1893), Nikolaj Leskov (1894) og Nikolaj Rimskij-Korsakov, som han portretterte i 1898. Desse portretta er i dag utstilte i Tretjakovgalleriet.

I 1894 vart Serov med i Peredvizjnikij-rørsla. Omkring den tid byrja han i større grad å måle familieportrett, hovudsakleg av born og kvinner. Gjennom sine barneportrett prøvde han å fange det spontane og likeframme i augneblinken. Han søkte å oppnå dette ved å framheve mimikk og posering. Framifrå døme på dette ser ein i portrettet Born (Дети) frå året 1899, og i Mika Morosov (Мика Морозов), måla i 1901.

I tida frå 1890 til byrjinga av 1900-talet laga Serov også mange landskapsmåleri. Han underviste i åra frå 1897 til 1909 ved Moskvas skule i måling, bilethogging og arkitektur.

 
Maria Jermolova, 1905

Seinare år endre

Etter hundreårsskiftet konsentrerte Serov seg enno meir om portrettmåling. Han skapte i 1904 eit portrett av Maksim Gorkij som i dag er å sjå i Gorkij-museet i Moskva. Eit portrett av Maria Jermolova og ei kolteikning av Fjodor Sjaljapin viser drag av meir dramatisering i personskildringane.

I sine seinare kunstnarår varierte Serov med ulike måleteknikkar, her under vassfargar, pastellfargar, litografi med meir. Gjennom desse teknikkane vart forma på portretta meir og meir forfina. Dette kjem klarast fram i portretta av Vasilij Katsjalov og Tamara Karsavina, og i talrike figurar henta frå Ivan Krylov sine fablar. Desse verka vart til i åra 1908 til 1911.

I sine siste leveår vigde han seg elles til framstillingar av tema frå klassisk mytologi.

Valentin Serov døydde i Moskva.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Valentin Serov