Valentinsdagen

Valentinsdagen den 14. februar er ein festdag for romantisk kjærleik. Han blir markert ved at ein gjev gåver, helsingar eller romantiske opplevingar til den ein elskar eller berre vil flørta litt med.

Valentinskort med verset «My Dearest Miss, I send thee a kiss» utanpå.

BakgrunnEndra

Valentinsdagen har vore feira i England sidan 1600-talet. Dei henta ideen frå myten om Den heilage Valentin. Valentin vart fengsla etter at den romerske keisaren Claudius truga med fengsel og dødsstraff for dei som ikkje avsverga seg kristendommen. Valentin ville ikkje avsverge si gudstru, og difor vart han steina til døde i år 273. Før Valentin vart drepen, skreiv han eit brev til si kjære Julia og bad henne om å halde seg til Gud. Han underteikna med «… frå din Valentin».

Den kristne feiringa av dagen kan ha røter i romersk feiring av gudinna Juno som representerte kvinner og ekteskap (14. februar), og starten på Lupercaliafestivalen, ein fruktbarheitsfest som byrja 15. februar.

TradisjonarEndra

Mange sender postkort til kjærasten sin denne dagen, og Posten har arbeidd for å innføre denne tradisjonen i Noreg.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Valentinsdagen