Valhallfeltet
Valhallfeltet er eit oljefelt på norsk sektor i Nordsjøen. Feltet vart oppdaga i 1975. Utvinning tok til i 1982, og vil etter planen halda fram til kring år 2050. Havdjupna i området er kring 70 meter. Operatør for feltet er oljeselskapet BP. Feltet er oppkalla etter Valhall i norrøn mytologi.