Valløy kyrkje
(Omdirigert frå Vallø kyrkje)
Valløy kyrkje er ei langkyrkje i Tønsberg kommune i Vestfold.
Valløy kyrkje | |||
Vallø kirke | |||
Foto: Bernt Rostad
| |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Tunsberg | ||
Prosti | Tønsberg domprosti | ||
Sokn | Søndre Slagen | ||
Fellesråd | Tønsberg | ||
Arkitekt | Jacob Smith (byggm.) | ||
Teknikk | Bindingsverk | ||
Material | Tre | ||
Innvigd | 4. desember 1782 | ||
• Endringar | rest. 1956 | ||
Tårn | I vest | ||
Klokker | 2, Michael Carl Troschell, 1782 | ||
Kyrkjegard | Ved kyrkja | ||
Preikestol | 1782 | ||
Døypefont | 1782 | ||
Altartavle | 1782 | ||
Sitjeplassar | 280 | ||
Vallø kyrkje 59°15′42″N 10°29′42″E / 59.26162806°N 10.494985°E | |||
Wikimedia Commons: Vallø kirke |
Kyrkja er i Louis Seize-stil og vart oppført av byggmeister Jacob Smith og innvigd i 1782, i ei tid då det vart drive saltverk på staden. Seinare kom det forskjellig slags industri, mellom anna oljeraffineri. I eit bombetokt mot dette den 25. april 1945[1] — heilt på slutten av krigen — vart 53 nordmenn og eit ukjent tal tyskarar drepne. Kyrkja vart ikkje ramma, men fekk mindre skadar. Ho var i privat eige til ho i 1982 vart overdrege frå Esso til Sem kommune (innlemma i Tønsberg i 1988).
Det er kyrkjegard attmed kyrkja. I 1932 vart det dessutan opna kyrkjegard ved Vallø kapell, litt lengre vest.
Fotnotar
endre- ↑ Harald Høiback Angrepet på Vallø - Bompeoffensivens epilog i Europa, Forsvarstudier 1/1996
Bakgrunnsstoff
endre- Roberg, Henrik (2001). «Vallø kirke». Slagen kirke 100 år. Ung kirke på gammelt kirkested. Slagen menighetsråd. s. 54-55.
- Rasmussen, Alf Henry (1993). Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 562. ISBN 82-7527-022-7.
- Sem og Slagen bygdebok
- «Valløy kyrkje». Kirkesøk. Den norske kyrkja.
- Valløy kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til RiksantikvarenDenne kyrkjeartikkelen som har med Vestfold å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.