Valløy kyrkje er ei langkyrkje i Tønsberg kommune i Vestfold.

Valløy kyrkje
Vallø kirke
Foto: Bernt Rostad
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Tunsberg
Prosti Tønsberg domprosti
Sokn Søndre Slagen
Fellesråd Tønsberg
Arkitekt Jacob Smith (byggm.)
Teknikk Bindingsverk
Material Tre
Innvigd 4. desember 1782
 - Endringar rest. 1956
Tårn I vest
Klokker 2, Michael Carl Troschell, 1782
Kyrkjegard Ved kyrkja
Preikestol 1782
Døypefont 1782
Altartavle 1782
Sitjeplassar 280
Kart
Vallø kyrkje
59°15′42″N 10°29′42″E / 59.26162806°N 10.494985°E / 59.26162806; 10.494985
Wikimedia Commons: Vallø kirke
Valløy kyrkje i april-mai 1945, like etter bombeangrepet
Foto: Distriktskommando Østlandet

Kyrkja er i Louis Seize-stil og vart oppført av byggmeister Jacob Smith og innvigd i 1782, i ei tid då det vart drive saltverk på staden. Seinare kom det forskjellig slags industri, mellom anna oljeraffineri. I eit bombetokt mot dette den 25. april 1945[1] — heilt på slutten av krigen — vart 53 nordmenn og eit ukjent tal tyskarar drepne. Kyrkja vart ikkje ramma, men fekk mindre skadar. Ho var i privat eige til ho i 1982 vart overdrege frå Esso til Sem kommune (innlemma i Tønsberg i 1988).

Det er kyrkjegard attmed kyrkja. I 1932 vart det dessutan opna kyrkjegard ved Vallø kapell, litt lengre vest.

Fotnotar endre

  1. Harald Høiback Angrepet på Vallø - Bompeoffensivens epilog i Europa, Forsvarstudier 1/1996

Bakgrunnsstoff endre