Valutakurs
Valutakurs er den relative verdien mellom ulike valuta. Til dømes var verdien mellom amerikanske dollar og euro (den 13. september 2003) 1,12 i euroens favør, det vil seie at 1 euro er verdt 1,12 dollar.
Ein valuta kan ha flytande eller fri kurs. Då varierer verdien etter tilgang og etterspurnad på valutamarknaden. Den kan ha ein fast kurs og er då bunden til ein standard, til dømes gullmyntfot eller ein annan valuta.