Vangsjøen er ein innsjø i Øystre Slidre kommune i Valdres i Innlandet. Han ligg 911 meter over havet og arealet er 1,378 km². Han strekkjer seg frå Rabalsmellen (1111 moh) i søraust til Rennsennberget (1014 moh) i nordvest. Dei tre største tilløpselvane i Vangsjøen kjem frå Rabalsvatnet, Røyri og Rennsennvannet. Den eianste elva som renn ut av Vangsjøen er Vangsjøåni som renn vidare til Yddin. Vangsjøen er ein del av Vindavassdraget.

Vangsjøen
innsjø
Vangsjøen sett frå Rabalsmellen. I bakgrunnen kan ein sjå Skaget og Jotunheimen.
Land  Noreg
Fylke Innlandet
Kommune Øystre Slidre
Høgd over havet 911 moh.
Areal 1,378 km²
Kart
Vangsjøen
61°09′04″N 9°13′44″E / 61.151°N 9.2288°E / 61.151; 9.2288
Wikimedia Commons: Vangsjøen

Vangsjøen er i hovudsak eit privateigd vatn, men fiskekort kan kjøpast. I Vangsjøen finst aure, åbor og ørekyte.

Området rundt sjøen er prega av stølsdrift med kyr og geiter, og er eit populært hytte- og turområde både sommar og vinter. Rundt vatnet finst stølane Bukono, Rabalen, Buahaugen og Rennsennstølen. På austsida av sjøen ligg Vangsjøen Høyfjellstue.

Bakgrunnsstoff endre