Vangsnes ferjekai
Vangsnes bryggje var vel etablert med dampskiprutene i 1945 då kaia vart eit ferjeleie på sambanda Grinde-Nordeide og Grinde-Balestrand-Vetlefjorden. Med opninga av vegen over Vikafjellet til Voss i 1956 vart det òg opna nye ferjekaier med betre kapasitet på Hella og Dragsvik, og Grinde-Vetlefjorden-Balestrand vart til trekantsambandet Hella-Vangsnes-Dragsvik.
Vangsnes ferjekai | |||
Kategori | Ferjekai | ||
---|---|---|---|
Underkategori | Dobbel kai, forskyvd parallell | ||
Opna | 1945 | ||
Som del av | Grinde-Nordeide, Grinde-Balestrand-Vetlefjorden | ||
Tilknytt | Fv5602 | ||
Stad | Vangsnes | ||
Kommune | Vik kommune | ||
Fylke | Vestland | ||
No del av | Hella-Vangsnes-Dragsvik | ||
Vangsnes ferjekai 61°10′29″N 6°38′13″E / 61.174831942405°N 6.6370443570702°E |
På 1970-talet vart ei supplerande ferjekai bygd austanfor den eksisterande for å ta unna den aukande trafikken, og frå 2019 til 2020 pågjekk oppgradering av kaianlegget med heilt nye kaier for å fasilitere moderne elektriske ferjer på sambandet.
Liste over samband med stopp på Vangsnes ferjekai:
endre- 1938-1945: Grinde-Balestrand-Nordeide
- 1945-1957: Grinde-Vangsnes-Balestrand-Nordeide
- 1939-1945: Grinde-Balestrand-Vetlefjorden
- 1945-1951: Grinde-Vangsnes-Balestrand-Vetlefjorden
- 1951-1956: Grinde-Vangsnes-Balestrand
- 1956-1985: Vangsnes-Hella-Dragsvik-Balestrand
- 1985-: Hella-Vangsnes-Dragsvik
Kjelder
endre- Finn Borgen Førsund (1998). Dampen og kaia : stoppestader for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1858-1998. Førde: Selja forlag. s. 112-115. ISBN 82-91722-04-8.
- Magnus Helge Torvanger (2008). Frå dampskip til gassferjer : Fjord1 Fylkesbaatane 150 år : 1858-2008. Førde: Selja forlag. s. 81-83. ISBN 978-82-91722-93-1.
Bakgrunnsstoff
endre- Kristin Ese: «Leikanger-Hella og Vetlefjord-Dragsvik» på nettstaden til Fylkesarkivet i Vestland
- «Nye ferjekaiar på riksveg 13 er i drift» på nettstaden til Statens vegvesen
Denne samfunnsartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.