Grinde-Balestrand-Vetlefjorden
Grinde-Balestrand-Vetlefjorden var eit ferjesamband mellom Grinde ved Leikanger i dåverande Leikanger kommune, Balestrand og Ulvestad i Vetlefjorden i dåverande Balestrand kommune. Sambandet vart til i 1939 med opninga av vegen over Gaularfjellet, og fekk mange endringar i løpet av dei komande åra i takt med vegbygginga i området.
Grinde-Balestrand-Vetlefjorden | |||
Trasé | Grinde-Balestrand-Vetlefjorden | ||
---|---|---|---|
Rutenett | Tidlegare ferjesamband i Sogn | ||
Driftselskap | Fylkesbaatane | ||
Oppretta | 1939 | ||
Nedlagd | 1956 | ||
Overtok for | Lærdal-Vadheim | ||
Erstatta av | Vangsnes-Hella-Dragsvik-Balestrand |
Vangsnes i Vik kommune fekk ferjelem i 1945 og vart eit fast stopp på sambandet som no vart kjend som Grinde-Vangsnes-Balestrand-Vetlefjorden.
I 1951 opna ny veg mellom på vestsida av Vetlefjorden, og Gaularfjellsvegen vart ferjefri til Balestrand. Med dette vart Vetlefjorden sløyfa frå sambandet, som deretter gjekk som Grinde-Vangsnes-Balestrand. Fem år etter, i 1956, opna veg frå Grinde til ny ferjekai på Hella i tillegg til ny ferjekai i Dragsvik, og sambandet tok den nye forma Vangsnes-Hella-Dragsvik-Balestrand.
Kjelder
endre- Magnus Helge Torvanger (2008). Frå dampskip til gassferjer : Fjord1 Fylkesbaatane 150 år : 1858-2008. Førde: Selja forlag. s. 81. ISBN 978-82-91722-93-1.
Bakgrunnsstoff
endre- Kristin Ese: «Dei første ferjesambanda i Sogn» på nettstaden til Fylkesarkivet i Vestland
- Kristin Ese: «Leikanger-Hella og Vetlefjord-Dragsvik» på nettstaden til Fylkesarkivet i Vestland
- Finn Borgen Førsund: «Dampen og kaia : stoppestader for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1858-1998» på nettstaden til Nasjonalbiblioteket
Sjå òg
endre- Grinde-NordeideDenne samfunnsartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.