Grinde-Balestrand-Nordeide
Grinde-Balestrand-Nordeide var eit ferjesamband mellom Grinde ved Leikanger i dåverande Leikanger kommune, Balestrand i dåverande Balestrand kommune, og Nordeide i Høyanger kommune. Sambandet vart til i 1938 då Lærdal-Vadheim vart delt opp som ein konsekvens av vegbygginga langs Sognefjorden På denne tida opna vegen over Gaularfjellet, og ferjesambandet gjekk som eit vinterhalvårleg samband i tida Gaularfjellvegen var vinterstengd. Leikanger kai vart ofte brukt når vegen til Grinde var uframkomeleg eller kaia skadd av uvêr. Sambandet gjekk òg ofte til industribygda Høyanger.
Grinde-Balestrand-Nordeide | |||
Trasé | Grinde-Vangsnes-Nordeide | ||
---|---|---|---|
Rutenett | Tidlegare ferjesamband i Sogn | ||
Driftselskap | Fylkesbaatane | ||
Oppretta | 1938 | ||
Nedlagd | 1957 | ||
Overtok for | Lærdal-Vadheim | ||
Erstatta av | Hella-Nordeide |
Vangsnes ferjekai i Vik kommune fekk ferjelem i 1945 og vart eit fast stopp på sambandet som no vart kjend som Grinde-Vangsnes-Balestrand-Grinde. I 1956 opna veg frå Grinde til ny ferjekai på Hella, og året etterpå fekk sambandet den nye forma Hella-Nordeide.
Kjelder
endre- Finn Borgen Førsund (1998). Dampen og kaia : stoppestader for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1858-1998. Førde: Selja forlag. s. 120. ISBN 82-91722-04-8.
- Magnus Helge Torvanger (2008). Frå dampskip til gassferjer : Fjord1 Fylkesbaatane 150 år : 1858-2008. Førde: Selja forlag. s. 77, 81, 86. ISBN 978-82-91722-93-1.
Bakgrunnsstoff
endre- Kristin Ese: «Dei første ferjesambanda i Sogn» på nettstaden til Fylkesarkivet i Vestland
- Kristin Ese: «Leikanger-Hella og Vetlefjord-Dragsvik» på nettstaden til Fylkesarkivet i Vestland
- Finn Borgen Førsund: «Dampen og kaia : stoppestader for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1858-1998» på nettstaden til Nasjonalbiblioteket
Sjå òg
endre- Grinde-Balestrand-VetlefjordenDenne samfunnsartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.