Eit vant er eit tau eller ein vaier som går frå høgt oppe på mastra ned til båtsida og som hjelper mastra til å stå stabilt i forhold til tverrskips påverknad. Ved å vera festa noko attom mastra balanserer dei òg mot staget som går frå mastra i retning framstamnen, og dei bidreg dermed òg til å stabilisere mastra langskips.

Nederenden av vant med vantnåler på geitbåtfemring.
Foto: Olve Utne

Mindre båtar endre

vestlandsbåtar, sunnmørsbåtar, geitbåtar, åfjordsbåtar og nordlandsbåtar er vanta gjerne festa til båtsida med vantnåler — avlange trestykke som blir hekta under lykkjer på båtsida og klipne saman med ein ring nærme toppen av nåla. Dermed er det lett å løyse ut vantet i ein hast når det trengst. På nokre båttypar er det eit det eit odde tal vant. Da blir det sett eitt eller to vant på kvar side, og det siste vantet blir sett i høgbord (lo- eller vindsida av båten), slik at det er fleire vant i høgbord enn i lebord. På desse båttypane, der riggen gjerne blir oppsett og nedteken på dagleg basis eller oftare, blir vantlengda regulert ved å gje ut eller å ta inn ved knopet ved vantnåla når vantet ikkje står i spenn. Vantet blir spent når vantet og vantnåla blir samanklemte og hylsa påsett.

Dei fleste tradisjonelle båttypane med spriseglAust- og Sørlandet har frå gammalt av ikkje vant, men berre eit stag frå mastra til framstamnen.

Seglskuter endre

På mindre seglskuter med pålemaster er det normalt berre eitt spenn med vant. Sidan 1500-talet har det vore vanleg at større skuter har fått mastrer samansett av undermaster og ei eller fleire mastestenger oppå. I slike fall er eigne stengevant mellom mastedelene med på å stive av konstruksjonen og sikre mastra mot samanbrot.

Vant ved fast rigg på større fartøy vart i eldre tid spente med hjelp av taljereip som gjekk mellom «jomfruer», ei i vantet og ei i røstjarnet. I nyare tid har strekkfiskar (spennskruar med innvendig gjenga hylse) vorte meir eller mindre einerådande.