Åfjordsbåt

Ein åfjordsbåt eller åfjording er ein tradisjonell open, spissgatta ro- og seglbåt frå Fosen, Namdalen og området kring Trondheimsfjorden. Namnet «åfjordsbåt» kjem av at den viktigaste staden der desse båtane har vorte bygde er Åfjorden i Fosen. Typiske trekk for åfjordsbåten, som på Nordmøre gjerne blir kalla grisbåt, er lang og grunn kjøl og rette og bratte stamnar. Åfjordsbåtane er tradisjonelt rigga med eit relativt høgt og smalt, symmetrisk råsegl. Dei største båtane kan i tillegg ha eit toppsegl.

Åfjordsbåten «Skårungen».
Den aller minste utgåva av åfjordbåten, ein såkalla to-kne-færing
Foto: Trondheim byarkiv

Åfjordsbåten er ein relativt moderne båttype som truleg vart utvikla kring 1700-talet. Før den tida ser det ut til at geitbåtar av nordleg type vart bruka der åfjordsbåten seinare slo gjennom. Utover 1800-talet og innpå 1900-talet vart åfjordsbåten etterkvart vanleg heilt sørvest til Smøla på Ytre Nordmøre.