Vardon (hebraisk skrift ורדון) er ein fellesbusetnad sør i det sentrale Israel nord for Kiryat Gat og sør for Kiryat Malakhi. Han er ein del av Yoav regionale kommune.

Vardon
fellesbusetnad
Flyfoto av Vardon
Land  Israel
Distrikt Det sørlege distriktet
Koordinatar 31°39′47.16″N 34°46′49.44″E / 31.6631000°N 34.7804000°E / 31.6631000; 34.7804000
Kart
Vardon
31°39′47″N 34°46′49″E / 31.6631°N 34.7804°E / 31.6631; 34.7804
Wikimedia Commons: Vardon

Han vart grunnlagd i 1960 som eit ungdomssenter og vart ein felleslandsby i 1998. Han ligg mellom tre store moshavar: Menuha, Nahala og Sgula.

Vardon vart grunnlagd på jord som høyrte til den palestinske landsbyen Summeil, som vart avfolka under den arabisk-israelske krigen i 1948.[1]

Namnet på landsbyen er ei laus omsetjing av familien til Julius Rosenfeld, som var ein jødisk bidragsytar frå USA. «Vardon» kjem frå vered, som tyder «rose», derfor Rosenfeld.

I 2007 hadde Vardon 69 buande familiar, som utgjorde kring 280 innbyggjarar.

Kjelder endre

  1. Khalidi, Walid (1992), All That Remains: The Palestinian Villages Occupied and Depopulated by Israel in 1948, Washington D.C.: Institute for Palestine Studies, s. 137, ISBN 0-88728-224-5