Radiator er ein varmevekslar som overfører terminsk energi frå eit medium til eit anna, som til dømes frå vatn til luft, eller omvendt. Termisk energi vert alltid overført frå mediet med den høgste temperaturen til mediet med lågaste temperaturen.

Radiator til bilmotor.

Verkemåte endre

For å få så effektiv overføring av termisk energi som mogeleg må ein syta for at det er liten termisk motstand mellom dei to media ein ynskjer å utveksla termisk energi mellom. Det oppnår ein gjennom å nytta materialar med god termisk leiingsevne (som metall) og ved å gje radiatoren eit stort areal. Ved å auka differensen mellom væske og luft oppnår ein òg å få overført meir termisk energi. Dette krev ofte at ein aukar væske og luftstraumen forbi veggane i radiatoren ved hjelp av pumper og vifter.

Bruk av radiatorar endre

Kjøling av forbrenningsmotorar endre

I forbrenningsmotorar med veskekjøling til dømes vert det nytta radiatorar for å overføra termisk energi frå kjølevatnet til luft. Dette er naudsynt på grunn av at forbrenningsmotorar har liten verkningsgrad, så ein stor del av energien i drivstoffet går over til termisk energi og aukar temperaturen på kjølevæska. Når ein plasserer ein radiator i eit køyretøy ynskjer ein at radiatoren skal ta så liten plass som mogeleg. Ein let difor temperaturen på kjølevæska i motoren ligga rett under kokepunktet, slik at temperaturdifferansen mellom kjølevæska og lufta rundt køyretøyet vert så stor som mogeleg. Ved å lata kjølevæska ha litt overtrykk kan kokepunktet, og difor kjølevæsketemperaturen, aukast litt. For at kjølevæska skal sirkulera snøgt nok gjennom motoren og radiatoren vert det nytta kjølevatnpumper. Likeeins vert det nytta kjølevifter for å auka luftsirkulasjonen gjennom radiatoren.

Oppvarming og avkjøling av bygningar endre

I samband med sentralfyring i bygningar vert det nytta radiatorar for å overføra termisk energi frå vatn til luft. Varmepumper nyttar òg radiatorar for å overføra termisk energi frå væske til luft, eller omvendt. I sentralfyringsanlegg og varmepumper vert det nytta pumper for å auka sirkulasjonen av væska i systemet. Varmepumper nyttar òg ofte vifter for å auka luftsirkulasjonen gjennom varmevekslarane, medan radiatorar i sentralvarmeanlegg vanlegvis har så stort areal at det ikkje er naudsynt med vifter. Når ein ikkje nyttar vifter unngår ein problemet med viftestøy.

Elektronikk endre

Dei fleste effektforsterkarar nyttar kjøleribber, men det finst døme på bruk av væske-til-luft-radiatorar. Dei fleste datamaskinar nyttar og kjøleribber med viftekjøling, men væske-til-luft-radiatorar har vore nytta både i store vektordatamaskinar (superdatamaskinar) og i personlege datamaskinar.

Sjå òg endre