Ein varmevekslar er eit apparat som mogeleggjer varmeoverføring mellom to væske- eller gasstraumar med ulik temperatur, vanlegvis slik at dei ikkje blir blanda. Føremålet oppnår ein som regel ved å føre den eine straumen gjennom eit eller fleire parallelle røyr som igjen omstrøymast av den andre på langs eller på tvers. For å få god varmeutveksling bør strøyminga vere så rask at han blir turbulent. Varmevekslaren kan òg bestå av berre éit røyr der dei to fluida vekselvis blir ført inn, medan varmen blir lagra i veggane til røyret. Viss fluida ikkje er blandbare, kan ein la dei strøyme forbi kvarandre i direkte kontakt, t.d. gass som boblar gjennom ei væske.

Varmevekslar

Varmevekslarar vert nytta i kjemisk industri, i næringsmiddelindustrien (mellom anna for pasteurisering), for generering av damp i varmekraftverk med meir. Radiatorar for oppvarming av hus og for kjøling av bilmotorar er òg varmevekslarar.

Eit spesiell bruksområde har varmevekslar i kjernereaktorar, der den primære, sterkt radioaktive kjølevæska blir halde isolert i ein lukka krets, medan varmen via ein varmevekslar blir overført til eit sekundært fluidum der han kan utnyttast til energiproduksjon, som oftast ved hjelp av dampturbinar.

Kjelder endre

  • «Varmeveksler». Store norske leksikon. 15. februar 2009. Henta 2. november 2013.