Vasilij Maksimovitsj Maksimov (29. januar 18441. desember 1911) var ein russisk kunstmålar, eit framståande medlem av Peredvizjnikij-gruppa.

Vasilij Maksimov

Fødenamn Василий Максимович Максимов
Statsborgarskap Det russiske imperiet
Fødd 17. januar 1844
Lopino
Død

18. november 1911 (67 år)
St. Petersburg

Yrke kunstmålar
Språk russisk
Sjanger sjangermåleri
Vasilij Maksimov på Commons

Bakgrunn endre

 
Sjølvportrett

Maksimov vart fødd inn i ei bondefamilie i landsbyen Lopino nær Novaja Ladoga. Tidleg vart han foreldrelaus, arbeidde så i ein verkstad der dei framstilte og selde ikonmåleri. Der lærte han å måle. I 1863 tok han til ved Det keisarlege kunstakademiet i St. Petersburg. Året etter vart han medlem av eit kunstnarartell danna av P.N. Krestonovtsev, etter døme av Ivan Kramskoj. Artellet eksisterte berre eit år og vart så oppløyst. Maksimov måla Sjukt barn (1864) på den tid, eit bilete som akademiet belønna med ein gullmedalje.

Maksimov fullførte alle kursa ved akademiet på berre tre år. I 1865 avslo han (slik gruppa på 14 leia av Ivan Kramskoj tidlegare hadde gjort) å take del i tevlinga til akademiets store gullmedalje. Han argumenterte med at han ikkje trong studere utlands (det var ein del av prisen), han ville heller studere den russiske landsbyen. Etter han hadde avlagt alle prøvene ved kunstakademiet flytta han til landsbyen Sjubino i Tver-guvernementet. Han måla der bilete frå bondelivet, og tente elles til livets opphald som målerilærar i ein høgadelsfamilie.

Bondemålar endre

 
Sjuk husbond, 1881

Maksimovs måleri Bestemors forteljingar (1867) vart vist på ei Peredvizjnikij-utstilling, der det vann ein pris og vart kjøpt av Pavel Tretjakov. I 1872 fekk han innpass i Peredvizjnikij-gruppa, og vart snøgt eit av gruppas mest prominente og urikkelege medlemer. Ilja Repin omtala Maksimov som «den mest unknuselege steinen i fundamentet til peredvizhnechestvo». Maksimov måla mange bilete frå bondebefolkningas kvardag.

Måleri i den realistiske stilen var ikkje lengre mote i Maksimovs seinare leveår. Han heldt likevel fram med å måle bilete som i all hovudsak henta motiv frå bondelivet. Til desse fanst det knapt kjøparar, og kunstnaren levde eit liv i fattigdom og sjukdom.

Han døydde i St. Petersburg.

Kjelder endre