Vasiugan
Vasiugan (russisk Васюган) er ei elv i på Den vestsibirske sletta i Tomsk oblast i Russland og ei av sideelvane til Ob frå venstre. Elva er 1080 km lang og har eit nedslagsfelt på 61 800 km².
Vasiugan | |||
elv | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 61 800 km² | ||
Lengd | 1 080 km | ||
Middelvassføring | 345 m³/s | ||
Munning | Ob | ||
Vasiugan 57°10′31″N 78°03′07″E / 57.175277777778°N 78.051944444444°E | |||
Wikimedia Commons: Vasyugan River |
Vasiugan spring ut frå Vasiuganskikh-myrane. Elva er farbar 886 km oppover frå munningen. Elva har ei middelvassføring på 345 m³/s eller 10,9 km³/år.
Dei største sideelvane hennar er Njurolka og Tsjertala frå høgre, og Tsjizjapka og Jagyljakha frå venstre. Av busetnader langs elva finn ein Novyj Vasiugan, Novyj Tevriz og Srednij Vasiuga.
I nedslagsfeltet til Vasiugan finst olje-, gass- og torvfelt.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Васюган» frå Wikipedia på russisk, den 2. november 2008.