Vaskerom

Vaskerom er eit eige rom som blir brukt til klesvask. Dette er som regel eit våtrom med vask, vaskemaskin, eventuelt også tørketrommel, tørkeskap eller tørkesnorer. Ein kan også ha strykebrett eller tøyruller her, i nokre høve også symaskin og sybord.

Amerikansk kvinne i eit vaskerom under depresjonen.

I vaskerom kan ein også ha system for lagring av skitne og reine klede, som skittentøyskorg, hyller eller skap.

Større vaskerom for ein fellesskap, som burettslag, blir ofte plassert i ein vaskekjellar. Vaskeri kan vera større vaskerom knytt til storhushaldningar og institusjonar, eller ein stad der det føregår klesvask for mange forskjellige folk eller verksemder.

KjelderEndra