Ein vasskikkert er ei konisk trakt med ei glasplate i botn som hindrar lysbryting. Frå ein båt kan ein stikke kikkerten delvis ned i vatnet for å sjå under vassflata.[1] Han kan brukast frå land eller frå ein båt.

Vasskikkert i bruk

Ein vasskikkert fjerner skinnet frå vassoverflata og gjer at ein kan sjå ned i vatnet så langt som sikta i vatnet tillet. Ein kan mellom anna nytta han til å observera rev, fortøyingar og secchiskiver. Vasskikkertar kan også brukat i opplæring for å sjå plantar, dyr og habitat under overflatta i elvar, vatn og hav.[2] Reiskapen blir mellom anna brukt av limnologar ved muslingopptelling, eller i samband med lystring av kystnære fiskar som ål.

Ein kan laga sin eigen vasskikkert ved hjelp av eit bøtte utan botn og eit stykke gjennomsiktig plast som ein fester med sterk tape eller hyssing.[3] Ein meir avansert versjon, eit undervassteleskop (underwater telescope) blei patentert av Sarah Mather i USA i 1845.[4] Oppfinninga nytta ei lykt med camphin-brensle inni ei glaskule ein senka ned i vatnet. Ho gjorde at havgåande fartøy kunne undersøka havdjupnene.[5][6] Ein kunne også undersøka skroget til eit skip frå dekket.[7] I 1864 laga Sarah Mather ein forbetra versjon, U.S. Patent No. 43,465[8] for å oppdaga ubåtar frå Sørstatane under Den amerikanske borgarkrigen.[9]

Galleri endre

Kjelder endre

  1. «vannkikkert» i Store norske leksikon, snl.no.
  2. Today's Document: [http://www.nhbs.com/large_aquascope_underwater_viewer_bathyscope_tefno_185837.html
  3. Løken, Marianne; Forskningsformidler, Skribent Og, «Lag din egen vannkikkert!», nysgjerrigper.no (på norsk), arkivert frå originalen 7. februar 2011, henta 13. september 2019 
  4. U.S. Patent No. 3,995
  5. Chicago Tribune (des. 1992) Defying Stereotypes: The Inventive Women Of America[daud lenkje]
  6. US Patent 3995 S. P. MATHER. Submarine Telescope and Lamp
  7. «Submarine Telescope in 1843... - RareNewspapers.com», www.rarenewspapers.com, henta 13. september 2019 
  8. Improvement in submarine telescopes (på engelsk), 5. juli 1864, henta 13. september 2019 
  9. Jacquelyn A. Greenblatt (1999) Women Scientists and Inventors Page 80 Good Year Books ISBN 9781596472631