Vasstro
Vasstro, hestebrønn eller hestebrye var eit drikkekar som var sett opp langs vegen for at hestar skulle kunne få vatn. Brønnane var ofte laga av ein uthola stein eller tømmerstokk, og plassert slik at friskt vatn frå elvar eller bekkar kunne kome til. Brønnane måtte vere lett tilgjengelege for hestane langs vegen.
God vatnforsyning for hestane var naudsynt i den tida då hesten var det viktigaste framkomstmiddelet. Det vart lagt til rette for hesteskyss langs vegane ved å byggje mange vasspostar, vasstrør eller hestebrønnar. Langs viktige skyssruter, som til dømes Den trondhjemske postvei, finn ein mange hestebrønnar.
Ordsoge
endreOrdet vasstro har opphav i norrønt þró; opphavleg truleg 'kløyvd stokk'. Nemninga vasstrør (fleirtal av vasstro) blir òg brukt om vassrenner, gjerne laga av kløyvde og uthola stokkar.[1]
Kjelder
endre- NRK Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane: Skysstasjonar og skyssplikt i Førde
- Øvre Eiker Kulturminneråd: Gammel brønn i Skotselv Arkivert 2012-08-28 ved Wayback Machine.
- Om bygda Raumnes Arkivert 2013-08-26 ved Wayback Machine.
- Sandefjord rundt: Vanntroa på Aagårdsplass[daud lenkje]
- Lindesnes Bygdemuseum: Vigelands vanntro
- LokalMagasinet: Arkeolog-avdekket: Hestebrønn. Arkivert 2013-06-13 ved Wayback Machine.
- Demokraten: Vanntroa meiet ned igjen Arkivert 2013-06-13 ved Wayback Machine.
- ↑ Tro i nynorskordboka, arkivert frå originalen 7. mars 2016, henta 19. juni 2013