Vavuniya
Vavuniya (tamil வவுனியா) er ein by i Nordprovinsen på Sri Lanka. Byen har vore råka av borgarkrigen på Sri Lanka på ulike vis.
Vavuniya ligg like sør for jungelområdet Vanni, som lenge har vore styrt av Dei tamilske tigrane (LTTE). Mange flyktningar frå krigsherja område lenger nord har søkt tilflukt i byen. Vavuniya har vore halde vekselvis av dei srilankise styresmaktene, som sist tok kontroll over han i 2007, og LTTE. Han har opplevd ulike åtak, mellom anna ei sjølvmordsbombe i juni 2008.
Vavuniya har eit estimert folketal på 149 835 (2004), der rundt 90 % er tamilar.[1] Rundt halvparten av dei som budde i Vavuniya i 2002 var flyktningar.[2]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Vavuniya» frå Wikipedia på engelsk, den 23. september 2008.
- Tigers attack government-held town (BBC, Thursday, November 18, 1999 Published at 15:53 GMT)
- ↑ Vavuniya Fact Sheet Arkivert 2009-02-13 ved Wayback Machine. (PDF) frå UNICEF
- ↑ IDPs – half of Vavuniya’s population Arkivert 2007-07-15 ved Wayback Machine. ved www.priu.gov.lk