Vedkløyvar

reiskap for vedkløyving

Vedkløyvar er ein reiskap med ei øks eller ein kile som ofte blir driven av eit hydraulisk stempel og brukt til å kløyva ved. Ein legg veden som skal kløyvast mellom stempelet og kilen, og stempelet dyttar veden med stor kraft mot kilen, der han blir kløyvd. Moderne vedkløyvarar har ei vogge til veden, medan dei aller enklaste modellane legg veden på ein bjelke. Moderne vedkløyvarar kan ha eit transportband der veden kan førast til tilhengjarar eller i storsekkar. Kilen kan vera forma som ein kross, slik at veden blir delt i fire delar.

Vedkløyvar

Farer ved bruk endre

Særleg eldre vedkløyvarar har mange faremoment. Nokre modeller hadde eit stempel som gjekk fram og tilbake kontinuerleg, med klemfaren dette kunne medføra. På nokre modellar blei veden lagd på ein bjelke, der ein ofte måtte halda i veden for å balansera han. På moderne vedkløyvarar er styringshendlane utforma slik at ein må ha begge hendene på dei, og dermed er klemfaren minimert. Fliser og vedbitar kan framleis spretta og forårsaka skade. Hanskar, vernebriller og visir kan difor vera viktige verneutstyr for operatøren.

Fliskløyvar endre

Fliskløyvar er ein liknande reiskap i mindre skala for å laga fliser til opptenning til vedfyring, ofte driven med handkraft.

Sjå òg endre

  • Sponkniv, handreiskap til å laga fliser for opptenning.

Kjelder endre