Hydraulikk

(Omdirigert frå Hydraulisk)

Hydraulikk er den delen av hydrodynamikken som omfattar rørsla til væsker og overføring av energi gjennom røyr eller andre lekamar. Vanlegvis brukar ein olje, men vatn kan òg brukast.

Prinsippskissa av eit hydraulisk system
Skjematisk oppsett over det same systemet
Hydraulisk toppstagtrepunktsopphenget på ein traktor.

Hydraulikk vert brukt først og fremst når ein treng store krefter. Eit typisk bruksområde er anleggsmaskinar, der store hydrauliske sylindrar løftar, senker, tømmer, lukkar, opnar og utfører andre oppgåver. I dagleglivet møter ein gjerne hydraulikk i hydrauliske garasjejekkar og liknande utstyr.

Oppbygging endre

Aggregat endre

Eit hydraulikkaggregat leverer olja til arbeidselementa. Aggregatet er samansett av oljetank, hydraulikkpumpa, oljefilter, trykkmålarar, trykkavgrensingsventil, oljekjølar tryggleiksventil

Styringar endre

For å ha kontroll med anlegget nyttar ein ulike typar ventilar. Retninga på væskestraumane styrer ein med retningsventilar. Retningsventilar kan igjen vera styrte av trykk, manuelt med brytarar, elektrisk styrt (ved hjelp av magnetventilar og relé eller PLS) eller liknande. Trykket kan ein styra ved hjelp av ulike trykkventilar og sikkerheitsventilar. Strøyminga i anlegget styrer ein med volumstraumsventilar og tilbakeslagsventilar.

Arbeidselement endre

Arbeidselementa er dei delane som utfører arbeidet. Hydrauliske sylindrar utfører lineære arbeidsrørsler og hydrauliske motorar ufører sirkulære rørsler.

Vedlikehald endre

Service på anlegg endre

Hydrauliske anlegg treng relativt lite vedlikehald, men ved vanlege rutineservicar, avhengig av bruksområde så er normale oppgåver å skifte olje, filter, gjere reint anlegget utvendig, drenere vatn/kondens frå filter.

Overhaling endre

Ved innvendig overhaling av komponentar som ventilar, sylindrar og motorar, så er reinhald førsteprioritet. Dette er fordi hydrauliske system oppererar med små klaringar imellom maskindelane som feks pumpehjul/pumpehus, skulle desse verte utsett for fragmenter i olja så vil det oppstå abrasiv slitasje, dette vil igjen utvikle seg som ein vond sirkel fordi materialar frå pumpekomopnenten vil bli rivne laus samt følgje oljestraumen og igjen føre til slitasje på andre komponentar i systemet. Ein annan utbreidd feil er å nytta gjengetape. Ved å nytta gjengetape risikerer ein at fragment frå tapen kan losne og då setje seg fast på forskjellige stader i systemet. Dette vil i tur skape driftsproblemer for anlegget.[treng kjelde]

Sjå òg endre