Hanske (norrønt hanzki, lågtysk hantscho, hantsche, tyder eigentleg 'handsko')[1] er eit klesplagg til å ha på handa som har eige rom til kvar av fingrane, til skilnad frå vottar. Hanskar som er laga i eit tynnare stoff kan ein kalla vantar.

Dekorerte pavehanskar

Hanskar til vern endre

 
Kattugle på ein vernande falkehanske.

Det finst hanskar av ulike slag og til ulike føremål. Det er vanlegast å bruka dei til vern mot kulde. Materialar kan vera ull, bomull, skinn, pels, tekstilar og ulike kunststoff.

Vernehanskar er ofte av lêr. Hanskar til riding og til å bruk på motorsyklar er langskafta og skal òg verna underarmen. Ein finn egne vatterte hansketypar i fleire idrettar, særleg for å stoppa ein hard ball eller puck. Til rustningar i riddartida brukte ein vanlegvis jernhanskar, anten av ringbrynje eller lêrhanskar dekka med ledda jernplater.

Hanskar til formell bruk endre

Menn kan bruka hanskar ved visse høve, gjerne saman med livkjole eller andre særleg formelle antrekk. Slike hanskar skal vera små og kortskafta, gjerne i eit tynt og fint stoff. Vanlegvis skal hanskane vera svarte, men til galla (kjole og kvitt eller gallauniform) skal herrehanskar vera kvite.

Kvinner kan bruka lange hanskar i sateng, særleg saman med ballkjole eller selskapskjole. Slike hanskar kan vera i mange ulike fargar eller i same farge som kjolen.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Hanske