Vegaøyan
Vegaøyan er ei øygruppe nær polarsirkelen som i 2004 vart tekne med på UNESCO si verdsarvsliste. Øygruppa ligg i kommunen Vega på Helgeland og inneheld rundt 6 500 øyar, holmar og skjer.
Bakgrunnen for verdsarvutnemninga var den særmerkte måten fiskarbønder har greidd seg i tusenvis av år i dei harde omgjevnadane, mellom anna ved å sanka ederdun.